Føremålet med opplæringspakken er å gje generell smittevernsopplæring til tilsette i Askvoll kommune som ikkje jobbar innan helsefaglege tenester, barnehagar eller skular. Desse gruppene har eigne opplæringspakkar i smittevern.

Målgruppe:
 Tilsette i Askvoll kommune som ikkje jobbar innan helsefaglege tenester, barnehagar eller skular.

Læringsmål: 

  • Kjenne til vanlege smitteverntiltak
  • Kunne utføre riktig handhygiene
  • Kjenne til rutinar for nødvendig reinhald
Det vert stilt krav til at du set deg godt inn i det faglege innhaldet. Kurset vert registrert som godkjent når alle tema er gjennomført.
 

Starte kurset / påmelding:
Trykk på knappen "Gå til påmelding" for å starte kurset. Du vil umiddelbart verte registrert som deltakar, og motta ei stadfesting på e-post.

Tekniske krav:
Kurset fungerar på datamaskiner, nettbrett og smarttelefonar som har ein nettleser av nyare dato slik at den støttar HTML5. Døme på nettlesarar er Microsoft Internet Explorer versjon 9 eller nyare, Opera, Google Chrome og Apple Safari.




   


Obligatorisk kurs i smittevern for kontortilsette 

Slik ivaretek vi smittevernet på arbeidsplassane våre i Askvoll kommune.

Innhald:

  • Handvask
  • Bruk av hanskar
  • Hostehygiene
  • Avstand til andre
  • Reinhald på arbeidsplassen
  • Spisepausen
  • Transport
  • Dersom du vert sjuk

Det tek cirka 15 minutt å gjennomføre heile kurset. 

Løpande informasjon om smittevern og mittevernreduserande tiltak finn du på kommunen si heimeside. 

Følg til ei kvar tid dei eventuelle lokale tilpassingane og tiltak som vert iverksett. 



Velkommen til teorikurs i brann- og eksplosjonsvern for tilsette i Askvoll kommune!

I høve brann- og eksplosjonsvernloven §19 og §25 har både tilsette og arbeidsgjevar ansvar for at opplæring innan brannvern vert gjennomført. 

Alle som har eit tilsettingforhold i kommunen skal gjennomføre dette kurset, uansett om ein er mellombels eller fast tilsett.

På dei komande sidene vil du få informasjon om ulike typar slokkeutstyr, rømmingsvegar, varslingsrutinar og korleis du skal forhalde deg ved ei eventuell brann. 

Det er viktig at du tek deg tid til å lese igjennom og gjer deg kjent med informasjonen som vert gjeve. Du kan og skrive ut heile kurset i PDF-format, slik at du kan lese igjennom først og ha det liggande og notere  i medan du jobbar med det. Ikonet for utskrift av PDF-fila finn du oppe til venstre på denne sida. 

Etter kvart fagområde må du svare på eit eller fleire kontrollspørsmål for å kunne gå vidare. 

Ved fullført og bestått kurs vil din næraste leiar verte informert om at du har gjennomført kurset, og du vil ha det i di kursoversikt.


Målsetting

Etter kurset skal deltakerne ha auka kunnskap om brannfeller og skadeførebyggande tiltak slik at risikoen for at
verksemda vert råka av brann vert mindre.

Vidare skal deltakarane kunne:
– Opptre rasjonelt i brannsituasjonar
– Slokke ein brann i startfasen
– Gjennomføre sikker rømning av personar


Kjelder:

  • Norsk brannvernforening (www.brannvernforeningen.no)
  • DSB (www.dsb.no)
  • Tryg (www.tryg.no)


Copyright 2020 - Tova Kjæmpenes

Det er forbode å kopiere og/eller vidaredistribuere dette innhaldet utan samtykke frå eigar.


Kurset er utvikla av Bergen kommune, men kan brukast av tilsette i alle kommunar og fylkeskommunar.

Alle illustrasjonar er laga av André Myrlønn.

Nettkurset vil vere av interesse for alle som risikerar å oppleve vald og trugsmål i sin arbeidssituasjon, enten du er leiar eller medarbeidar og uansett tenesteområde.

Tema som vert presentert er og eigna til diskusjon i grupper, t.d. i samband med avdelingsmøte og intern opplæring på tenestestaden.
Til slutt i kurset vil du finne ulike ressursar som kan brukast i den samanhang.

Læringsmål: 

Etter fullført kurs skal du vere i stand til:

  • å skildre årsaker til vald og trugsmål
  • å førebygge slike hendingar og
  • å kunne meistre i større grad dersom du opplever vald og trugsmål

Om dette kurset