Her skal kurs som er aktuelle for alle tilsette i Vinje kommune plasserast.

Grunnleggande informasjonssikkerhet - modul 1

Teksten i dette feltet vil være synlig i søkelister. Skriv inn en kort ingress her.  Vær konsis og beskrivende. Det er viktig å få med hva dette arrangementet går ut på og hvem som er målgruppen.

Om dette kurset

Teksten du skriver i dette feltet vil være hovedtekstfeltet på kursets forside.


Beskriv arrangementet mer detaljert. 

 Du bør ha med: 

  • Beskrivelse 
  • Læringsmål 
  • Målgruppe

Velkomen

Velkomen til kurs for nytilsette i Vinje kommune!

Kurset vert halde av personalavdelinga og frammøte er tirsdag 21. september kl. 09:00 -15:00 på Kommunehuset, kommunestyresalen.

Tema på kurset er m.a.:

  • Organisering - administrativt og politisk
  • Nytilsett og oppfølging i prøvetida
  • Personalpolitiske retningsliner - permisjonsreglement, arbeidsreglement, etiske retningliner, bruk av sosiale media m.m
  • Informasjonssikkerheit
  • HMS
  • Kvalitetssystem
  • Medarbeidarskap

Du vil du bli kjend med andre kollegaer og nytilsette samt ha moglegheit til å stille spørsmål/få svar på ting du lurar på.

Vinje kommune har fokus på at tilsette skal oppleve ein god arbeidskvardag og jobbhelse. Me har ein trimordning med gåvekort for alle tilsette som trimmar minst to gonger i veka siste året. Du vil få meir informasjon om ordninga på kurset.

Dette kurset er for nytilsette i Vinje kommune. Kurset er eit arrangement i regi av personalavdelinga og har fokus på informasjon, opplæring, bli kjend og rettar og plikter du har som tilsett i Vinje kommune.

Om dette kurset

Kurset vil gje deg ein innføring i korleis kommunen er organisert administrativt og politisk. Du vil møte rådmann, organisasjonssjef og tilsette i personalavdelinga. I tillegg vil du få møte andre nytilsette som er i same situasjon som deg sjølv.  

Me vil også orientere om kommunen sine personalpolitiske retningsliner, kvalitetsarbeidet, HMS, medarbeidarskap og andre ting som du kanskje lurar på.

Kurset vert på Kommunehuset, kommunestyresalen

Me gledar oss til å møte deg som nytilsett og bli kjend med deg som kollega.