Forvaltningslova sine regler om habilitet gjeld for tilsette og andre som utfører eit arbeid eller tenester på vegen av Vestland fylkeskommune (VLFK). Dette kurset er laga med bakgrunn i Forvaltningslova (Fvl.) og "Rettleiar i habilitet" som er lagt i kvalitetsportalen til VLFK. Kurset er spesielt retta mot tilsette på alle nivå, samt det politiske nivået. Kurset er også egna for dei som utfører eit arbeid for VLFK, til dømes som medlemmer i faglege utval, faggrupper og faglege råd, m.m. Føremålet er å få kunnskap om habilitet og såleis ha ein god forvaltningsskikk på alle nivå i organisasjonen.
Nettkurset, Rettleiar i tilskotsforvaltning, er utarbeid av avdeling for Kultur,
idrett og inkludering.
I dette kurset vil me sjå på tilskotsforvaltning og:
- God forvaltningsskikk.
- Skape gode haldningar.
- Det etiske perspektivet.
- Formålet med tilskotsordninga.
- Kven kan søkja på tilskotet.
- Habilitet i sakshandsaminga.
- Informasjon om mogleg kontroll.
- Klagerett på vedtak.