Om dette kurset
Ein stor del av jobben for mange tilsette i kommunen er i varierande grad avhengig av forskjellige typar dokument.
Overgangen frå lagring på serverar hos Nordfjordnett (P:, M: og L:) til lagring i sky (OneDrive, Teams/Sharepoint) har ført til store endringar i korleis denne delen av jobben vår blir utført.
I dette kurset skal vi sjå på korleis ein jobbar med dokument i Office365.
Målet er at du, etter endt kurs, skal vite kvar du skal produsere nye eller finne att eksisterande filer og korleis du deler desse med andre m.m.
Mål med kurset
Dette kurset skal alle nytilsette i Stryn kommune gjennomføre. Kurset gjev ei innføring i fleire viktige område du må kjenne til som tilsett i kommunen. Kurset inngår som ein del av opplæringa du skal gjennom for å vere rusta til arbeidskvardagen hos oss.
Innhaldet i kurset
HR-avdelinga i Stryn kommune har ansvaret for innhaldet.Korleis kurset er oppbygd
Kurset er delt inn i ulike leksjonar/tema. Inndelinga ligg i ein meny til høgre, der du kan hoppe direkte til ønska tema, eller du kan klikke deg kronologisk framover ved å nytte pilene under kvart skjermbilde. Du skal gjennom alle tema før kurset er fullført. Nytt gjerne kurset som oppslagsverk i etterkant.
Som ei oppsummering på kurset vil det bli stilt nokre spørsmål som er meint som ein repetisjon på tilhøve du bør ha kontroll på som tilsett i Stryn kommune.
Kursbevis
For å få høve til å skrive ut kursbevis, må du ha fullført alle leksjonane og svart på spørsmåla. Når du har fullført kurset, kan du hente ut eit kursbevis ved å klikke på tilhøyrande lenke. Dette kursbeviset skal du vise til leiaren din.
Leiaren din vil ta ansvar for at du får den opplæringa du treng innan ulike fagsystem m.m. snarast råd.
Dette er eit nettkurs i WebSak+
Om dette kurset
Kurset er inndelt i ulike tema, og opplæringsvideoane er utarbeida av ACOS AS.
COPYRIGHT© ACOS AS
Vilkår for bruk av videoene
Det er ikke tillatt å:
• redigere, kopiere, publisere eller selge videoene
• publisere videoene offentlig på internett
• reprodusere videoene til forum eller sosiale medier uten skriftlig samtykke fra ACOS
• kopiere og/eller distribuere videoene til andre enn til ansatte i din organisasjon
Du kan dele videoene internt ved å distribuere det elektronisk på et lukket intranett i din organisasjon eller via andre løsninger som sikrer at dokumentet kun er tilgjengelig for organisasjonens ansatte.
Dette kurset er for einingsleiarar som skal arbeide med årsmeldinga i Framsikt.