Kvinnherad kommune ynskjer å ha fokus på å vera ein helsefremmande arbeidsstad. For å kunne vera dette er
det viktig at alle tilsette får eit eigarskap til sjukefråvær og bidreg med førebygging av sjukefråvær. Førebygging handlar om å ta grep, før vi faktisk vert sjuke.
Kurset består av 2 delar:
1. Førebygging
2. Oppfølging
Kurset inneheld informasjon, oppgåver og filmsnuttar.
Filmsnuttane blir lasta ned som Power Point filer. Trykk på den nedlasta fila for å sjå den.
Kurset fungerer best i Google Chrome og Edge.
Om dette kurset
Innhaldet i kurset handlar om riktig bruk av tvang og makt til personer med utviklingshemming.
Dette kurset kan den einskilde ta for seg sjølv, men det høver og godt til at ein kan ta det saman med andre på arbeidsplassen.
Om ein tek kurset saman med andre, til dømes på eit personalmøte, så må leiar hugsa å senda deltakarliste til kursansvarleg, slik at dei som har tatt kurset kan få kurset som fullført.
Kvinnherad kommune har tatt i bruk 10 faktor som eit verktøy for medarbeidarundersøking. I dette kurset får du kjennskap til undersøkinga og dei 10 ulike faktorane som påverkar motivasjon og engasjement.
I tillegg til ein kort presentasjon av dei 10 ulike faktorane, innheld kurset video som forklarer dei 10 faktorane.
Kurset er anbefalt for leiarar og personalmedarbeidarar, men kan og vera akutelt for andre tilsette.
I Kvinnherad kommuen skal medarbeidarundersøkinga gjennomførast i første halvdel av 2024.
Tekniske krav: Det vil bli vist video i kurset. Ha difor klar headset eller høgtaler.
Visma.net Expense er ei web-basert programvare. Tilsette i Kvinnherad kommune får tilgang til denne via "Visma Mi Side".
Målet for dette kurset er å gje deg innsikt i Arbeidsmiljølova (AML) og internkontrollforskrifta (IK), og gje grunnlag for å kunne bruke AML og andre relevante lover og forskrifter som arbeidsreiskap i HMS-arbeidet. Du vil også lære om systematiske arbeidsmetodar for å førebygga, identifisera og løysa problem innan HMS-området i eiga verksemd/eining.
Kurset vil gje deg kunnskap om vernetenesta - om verneombodet sine rettigheter, plikter og arbeidsmåte, leiar sitt ansvar, samt arbeidsmiljøutvalet si rolle og oppgåve.
Om dette kurset
Målgruppe
- Verneombod
- Arbeidsmiljøutvalet
- Leiarar
Kurset oppbygging
Kurset består både av eLæring og fysisk oppmøte. Kurset vil ha følgjande oppbygging:
- Del 1 - Førebuing før samling. Skal gjennomførast før første kursdag
- Første kursdag. Heildagskurs - fysisk oppmøte
- Andre kursdag. Heildagskurs for verneombod- fysisk oppmøte
- Evaluering av kurs
- Kursbevis
NB! For å få kurset godkjent MÅ alle videoane i eLæringskurset (Del 1 Førebuing før samling) sjåast. Det er oppmøteplikt kursdagane (dag 1 for leiarar, dag 1 og 2 for verneombod) og deltakarane må vera tilstade heile dagen. Når alle kriterier er oppfylt kan kursdeltakaren skrive ut kursbevis.
Tekniske krav
- PC/nettbrett/telefon
- Internettilgang
- Video
- Lyd
Kom i gang med kurset
- Klikk på "Gå til påmelding" øvst til høgre for å starte kurset
Motiv: Furubergfossen Foto: Bjarne Øymyr
Dette kurset er for tilsette i Kvinnherad kommune. Kurset inneheld ikkje ei fullstendig opplæring, men gjennomgår det viktigaste du treng å ha kjennskap til som tilsett i kommunen.
Om dette kurset
Kurset er delt opp i fem deler:
Del 1 - Innleiing
Del 2 - Retningslinjer og reglar
Del 3 - Informasjonstryggleik
Del 4 - Hovudtillitsvalde, hovudverneombod og varslarutval
Del 5 - Anna informasjon