Alle tilsette i Vestland fylkeskommune må kjenne til og søkje å etterleve dei etiske retningslinjene. Dette korte nettkurset gir hjelp til etisk refleksjon i jobbkvardagen. 

Etiske retningslinjer er vedtekne av Vestland fylkesting og byggjer på fylket sine kjerneverdiar "kompetent", "open" og "modig". Målet er at alle tilsette skal tenkje og opptre etisk og i samsvar med verdiane. 

Dei etiske retningslinjene har fire hovudtema:

  • Integritet og interessekonflikt
  • Personleg åtferd
  • Digitale plattformer og sosiale medium
  • Varsling*)

Samfunnsoppdraget for Vestland fylkeskommune er: «Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland».

I samsvar med samfunnsoppdraget og visjonen om å vere «nyskapande og berekraftig» forvaltar fylkeskommunen verdiane til fellesskapen med vekt på menneskeverd og likeverd, utøver offentleg mynde og yter tenester som er viktige for samfunnet, enkeltmenneske og verksemder. Tilsette i Vestland fylkeskommune skal vere medvitne om samfunnsansvaret som følgjer med desse oppgåvene og utøve dei på ein rettferdig og tillitvekkjande måte.

*) Varsling er ikkje omhandla i dette kurset. Retningslinjer for varsling i VLFK finn du her

Sist oppdatert
04.02.2021
Forutsetninger
Kurset er for alle tilsette i VLFK
Produsert av
Vestland fylkeskommune, HR-seksjonen
Tidsbruk
30 minutt
Læringsformat
Nettkurs
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger