Velkommen til grunnkurs i prosjektleiing 14.11.2022 - 16.11.2022.
Kurset er ei grunnpakke som skal heve prosjektkompetanse på grunnleggande nivå. Kurset gjev eit godt grunnlag for å gå vidare på PRINCE2 kurs.
Kurset vert gjennomført i "Loftstova", 5.etg. på Sandsli, og krev fysisk oppmøte. NB! Kurset kan ikkje gjennomførast digitalt.
Formål med kurset:
Prosjektvegvisaren er vår felles prosjektmetodikk i VLFK, og prosjekta skal no gjennomførast i vårt nye prosjektverktøy «Prosjektportalen». Kurset gjev deg innsikt i bruk av prosjektportalen og etablerer felles rolleforståelse, kunnskap og begrepsapparat med andre interessentar for å styrke kommunikasjon og arbeidsflyt i prosjekta du har ansvar for.
Målgruppe:
Kurset er obligatorisk for alle prosjektleiarar som har ansvar for små og mellomstore prosjekt og skal bruke vårt nye prosjektstyringsverktøy «Prosjektportalen».Læringsmål:
1. Forstå prosjekt som arbeidsform og kvifor ein velger å organisere oppgåver som prosjekt
2. Forstå prosjektet sine ulike fasar og beslutningspunkt mellom desse
3. Forstå de viktigaste prosjektrollene og betydningen av tydeleg definerte oppgåver og ansvar
4. Få ei innføring i prosjektet sine mål og ønska gevinst
5. Få innsikt i korleis prosjektet sine interessentar kan identifiserast og håndterast
6. Bli kjent med Prosjektportalen
7. Bli bevisst på planlegging som verktøy i prosjekt
8. Kunne planlegge omfang, fremdrift og kostnader i prosjekt
9. Forstå korleis du følger opp, rapporterer og styrer prosjekt
Forventninger til deltaker:
Kurset er dialogbasert og skal gje deg nødvendig forståing, kunnskap og ferdigheiter til å lykkast i prosjekta du har ansvar for. Gjennom kursing av VLFK sine prosjektleiarar bygger vi felles praksis i prosjektarbeid i VLFK. Det vert forventa at du deltar på alle 3 dagar og unngår forstyrrelsar/ møter/ telefonar undervegs i kurset.
Før oppmøte skal du ha gjennomført tilhøyrande e-læring. E-læringa tek ca. ein arbeidsdag og kan delast opp og gjennomførast i ønska hastigheit. Du mottek lenke til e-læring frå Holte Academy 17.oktober 2022.
Påmelding:
Kurset er forbeholdt tilsette som enten har- eller skal tre inn i ei prosjektleiarstilling i inneværande år. Deltaking skal være avklart med leiaren din før påmelding. Frist for påmelding: 10.10.2022.
Kurset har eksterne kurshaldarar frå Holte Academy.