Velkommen til grunnkurs i prosjekteigarstyring 10.11.2022.
Kurset er ei grunnpakke som skal heve prosjekteigarkompetanse på grunnleggande nivå.
Kurset vert gjennomført i "Loftstova", 5.etg. på Sandsli, og krev fysisk oppmøte. NB! Kurset kan ikkje gjennomførast digitalt.
Formål med kurset:
Prosjektvegvisaren er vår felles prosjektmetodikk i VLFK, og prosjekta skal no gjennomførast i vårt nye prosjektverktøy «Prosjektportalen». Kurset gjev deg innsikt i prosjekteigarrolla og etablerer felles rolleforståelse, kunnskap og begrepsapparat med andre interessentar for å styrke kommunikasjon og arbeidsflyt i prosjekta du er eigar av.
Målgruppe:
- Kurset er obligatorisk for alle prosjekteigarar som har ansvar for små- og mellomstore prosjekt i VLFK
Læringsmål:
- Prosessen frå eit behov oppstår og vert prioritert, via å gjennomføre eit prosjekt, vidare fram til at gevinst er oppnådd
- Få ei god forståing av prosjekteigarrolla og gevinsteigarrolla og samhandlinga mellom dei ulike rollene i eit prosjekt
- Korleis prosjekteigar samarbeider med- og følger opp prosjektleiar
- Få ei god forståing for bruk av faser og beslutningspunkt i prosjekt
- Korleis auke modenheita innan prosjekteigarstyring i verksemda
Forventninger til deltaker:
Kurset er dialogbasert og skal gje deg nødvendig forståing, kunnskap og ferdigheiter til å lykkast i prosjekta du er eigar av. Gjennom kursing av VLFK sine prosjekteigarar bygger vi felles praksis i prosjektarbeid i VLFK. Det vert forventa at du deltar heile dagen og unngår forstyrrelsar/ møter/ telefonar undervegs i kurset.
Før oppmøte skal du ha gjennomført tilhøyrande e-læring. E-læringa tek ca. ein arbeidsdag og kan delast opp og gjennomførast i ønska hastigheit. Du mottek lenke til e-læring frå Holte Academy 17.oktober 2022.
Påmelding:
Kurset er forbeholdt tilsette som enten har- eller skal tre inn i ei prosjekteigarstilling i inneværande år. Deltaking skal være avklart med leiaren din før påmelding. Frist for påmelding: 10.10.2022.
Kurset har eksterne kurshaldarar frå Holte Academy.