HMS grunnkurs
Eit opplæringstilbod for tilsette i Vestland fylkeskommune etter krav i arbeidsmiljølova sin § 3-5 og § 6-5 første ledd samt i forskrift om organiserin… i § 3-18 og i § 3-19.
Kursdato: 18. april (digitalt), 24. og 25. april (fysisk)
Den 18. april, varer kurset frå kl. 08.30 til kl. 15.00. Dag 2 og 3 varer kurset frå kl. 08.30 til kl. 15.30.
Stad: Digitalt kurs dag 1. Fysisk deltaking dag 2 og dag 3, Vestlandshuset, Vestlandssalen konferansesenter 4. etg.
Målgruppa for kurset er verneombod (VO), hovudverneombod (HVO) og dei som er medlem av AMU. Vi forventer også at du som har leiarfunksjon i Vestland fylkeskommune nytter deg av tilbodet. Eit gjennomført kurs støttar kravet for leiaropplæring etter aml § 3-5. Kurset er følgjer modellen 1+2 dag med heimeoppgåve.
HMSK koordinatorar kan også delta på kurset.
Kurset opner også opp for deg som vil fornye eller vedlikehalde dine HMS-kunnskapar. Er det meir enn 5 år sidan sist du tok kurset, tilrår vi deg å friske det opp att no.
Kurshaldarar: HR, Organisatorisk støtte og HMS.
Kursform: Digitalt kurs med aktiv deltaking, via kursplattforma KS læring dag 1 og fysisk samling dag 2 og 3. Sjå intranett – HR, kvalitet og HMS – Kompetanseutvikling: kurs og e-læring dersom du har problem med pålogging.
Dei påmeldte vil få tilsendt ein link på e-post til den digitale delen av kurset i løpet av veke 15.
Dei som har behov for overnatting på hotell er sjølv ansvarleg for å ordne det.
Kurset er gratis for alle tilsette i Vestland fylkeskommune. Utgifter til reise og eventuelt opphald må dekkast av tenestestad.
Som du kan sjå, går kurset over 3 dagar med ein pause mellom dag 1 og 2. Her får du høve til å gjere ei heimeoppgåve. Dette er obligatorisk for at kurset ditt skal bli godkjend.
Vel møtt til både digitalt – frå kontoret/arbeidsplassen eller heimanfrå og fysisk kurs.
For detaljert program klikk her. Vi gjer atterhald om endringar i programmet.Forutsetninger
Produsert av
Deltakere
Kurssted
Tid fra - til
24.04.2024 kl.08:30-15:30
25.04.2024 kl.08:30-15:30