Individuell pensjonsrettleiing KLP Mandag 01.11.2021
Øygarden kommune har gleda av å invitere medlemmer i KLP til pensjonsrettleiing. Rettleiinga er retta mot KLP -medlemmer 60+ som vurderer å ta ut pensjon.
Det vert tilbod om individuell rettleiing frå ein representant frå KLP. Du får då høve til å stille spørsmål om din eigen pensjon og få rettleiing om det du lurer på når det gjeld pensjonsspørsmål.
Du må avtale med leiaren din før du melder deg på dette arrangementet. Rettleiinga vil skje på teams/telefon og tar om lag ein halv time. Du vert kontakta av representanten frå KLP eit par dagar på førehand for avtale om nøyaktig tidspunkt.
Det er lurt å gå inn på https://www.klp.no/ på førehand.
Dersom det er ikkje er ledige plassar på aktuell dato kan du sette deg opp på venteliste under påmeldinga, og vi vil finne nye tidspunkt for rettleiing.