Kvart år skal alle leiarar delta på opplæring frå stabane, slik at me held oss oppdaterte på heradets retningslinjer og forventningar. Målet med desse opplæringsdagane er å gjera leiarane i stand til å driva effektiv administrasjon og god styring. For deg som personalleiar er det obligatorisk å delta i løpet av året og me set opp kurs vår og haust.
Det er ei målsetjing å samla leiarar med lang fartstid med nye leiarar i heradet, då dette bidrar til nyttig erfaringsutveksling og god kompetanseoverføring i organisasjonen.
Om dette kurset - 26.januar09:00 - 12:00 HMS v/ Trine Langøen frå HR og innovasjon.
Det er mogeleg å delta via Teams og innkalling med teams-lenkje blir send ut til dei som meldar seg på.
Les meir om leiarutvikling og opplæring i Voss herad på våre heimesider.
Ta kontakt med trine.langoen@voss.herad.no om du har spørsmål.