Velkommen til kurs i digital møteleiing!

Føremålet med kurset: Kurset er utvikla for å styrkje kompetansen til leiarar, prosjektleiarar og interne utviklingsaktørar i å legge til rette for samhandling og aktiv deltaking i møter og prosessar på skjerm.

Kurset tek utgangspunkt i desse tre spørsmåla:

  1. Korleis sikre rett start digitalt? – å avklare forventningar og skape tryggleik (digitale verktøy og relasjonar på digitale flater)
  2. Korleis planleggje møter og skape god regi digitalt, særleg når gruppa skal jobbe kreativt og ønskjer å få til samhandling?
  3. Korleis skape aktiv deltaking, involvering og samskaping i digitale møter?

Læringsmål:

Etter kurset skal du:

●      forstå kva som skal til for å skape ein god og trygg start digitalt

●      kjenne til, og kunne bruke metodar og verktøy for å planleggje og leie involverande møter og prosessar

●      få innblikk i korleis du legg ein god regi for kreative møter for å skape samhandling

●      kjenne til og bruke metoder for involvering på digitale flater

●      bli tryggare i rolla som møteleiar og bli meir medviten om eigne evner, styrkar og utviklingspotensial

Korleis er kurset organisert?

Vi har laga dette kurset etter “flipped classroom” - prinsippet, eit læringsløp som legg vekt på sjøvstyrt læring, og som gir stor fleksibilitet rundt tidspunkt for læring/gjennomføring. Det betyr at det vert lagt opp til læring rundt teori på eiga hand, slik at alle er førebudd og klare for å diskutere teori og praktiske oppgåver/metoder når vi møtest.

 Kursdeltakarane får tilgang til e-læringsressursar som skal brukast før og mellom samlingane. I tillegg er det lagt opp til sjølvstendig arbeid og gruppearbeid mellom samlingane. Her kan deltakarane trekke inn, og jobbe med konkrete case/møter dei ønskjer å planleggje. Deltakarane får oversikt over, og får prøve ut, konkrete metoder, modellar og verktøy. Samlingane byggjer på stor grad av deltaking, og deltakarne vil  jobbe både individuelt og i par, som læringspartnarar.  Vi vil nytte Mural som digital tavle for utprøving av metoder og workshops.

Tidsbruk:

Forventa tidsbruk for teori, gruppe- og casejobbing før og mellom dei ulike samlingane, vil være ca. 3 timar totalt. Dei to første samlingane varar i 1,5 time, den siste varar i 2 timar. 

NB! Husk å legge alle 3 datoane inn i kalenderen din

Krav til forkunnskap og målgruppe:

Det er ingen krav til forkunnskapar for å delta på kurset. Kurset passar til alle som skal leie/planleggje digitale møter, kurs, workshops, prosjekt eller andre større eller mindre prosessar.

Kurshaldarar: Lent AS

Lent er det største fagmiljøet i Noreg innan prosessleiing og styrkebasert utviklingsarbeid. Vi tilbyr tenester innen leiarrutvikling, organisasjonsutvikling og prosessleing, og held ei rekkje kurs for både privat og offentlig sektor. Vi har sidan mars 2020 gjennomført dei fleste av våre opplæringsprogram digitalt/via skjerm. Dette har bidrege til at vi har tileigna oss verdifull erfaring, og har derfor satt saman eit kurs i digital møteleiing, basert på det vi har lært, samt ønskjer og behov frå deltakarar og samarbeidspartnarar.

Les meir om oss på www.lent.no


Produsert av
Vestland fylkeskommune
Deltakere
Kurssted
Teams - lenke til arrangement i kurset
Tid fra - til
01.04.2022 kl.09:00-10:30
08.04.2022 kl.09:00-10:30
22.04.2022 kl.09:00-11:00
Tidsbruk
5 timar + 3 timar eigenarbeid mellom samlingane
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
4 av 40
Påmeldingsfrist
17.03.2022