Grunnkurs i arbeidsmiljøkunnskap
Eit opplæringstilbod for tilsette i Vestland fylkeskommune etter krav i arbeidsmiljølova sin § 3-5 og § 6-5 første ledd samt i forskrift om organiserin… i § 3-18 og i § 3-19.
Kursdato: 5., 12. og 13. september 2022.
Den 5. september varer kurset frå kl. 0830 til kl. 1500. Dag 2 og 3 varer kurset frå kl. 0830 til kl. 1530.
Stad: Digitalt kurs dag 1 og fysisk deltaking på dag 2 og 3 på Hotell Scandic Ørnen i Bergen
Målgruppa for kurset er verneombod (VO), hovudverneombod (HVO) og dei som er medlem av AMU. Vi forventer også at du som har leiarfunksjon i Vestland fylkeskommune nytter deg av tilbodet. Eit gjennomført kurs støttar kravet for leiaropplæring etter aml § 3-5. Kurset er følgjer modellen 1+2 dag med heimelekser.
HMSK koordinatorar kan også delta på kurset.
I forkant av kurset vil vi sende ut oppgåver/informasjon til kursdeltakarne.
Kurset opner også opp for deg som vil fornye eller vedlikehalde dine HMS-kunnskapar. Er det meir enn 5 år sidan sist du tok kurset, tilrår vi deg å friske det opp att no.
Kurshaldarar: HR HMS og kvalitetsstyring i samarbeid med bedriftshelsetenesta Avonova.
Kursform: Digitalt kurs med aktiv deltaking, via kursplattforma KS læring dag 1 og fysisk samling dag 2 og 3. Sjå intranett – HR, kvalitet og HMS – Kompetanseutvikling: kurs og e-læring dersom du har problem med pålogging.
Dei påmeldte vil få tilsendt ein link til kurset i løpet av veke 34 eller 35.
Dei som har behov for overnatting på hotell er sjølv ansvarleg for å ordne det.
Kurset er gratis for alle tilsette i Vestland fylkeskommune. Utgifter til reise og eventuelt opphald må dekkast av tenestestad.
Som du kan sjå, går kurset over 3 dagar med ein pause mellom dag 1 og 2. Her får du høve til å gjere ei heimeoppgåve. Dette er obligatorisk for at kurset ditt skal bli godkjend.
Vel møtt til både digitalt – frå kontoret/arbeidsplassen eller heimanfrå og fysisk kurs.
For detaljert program klikk her.
