Konflikthandtering og varsel
“Den murrande magekjensla”
Treng du fagleg innspel på kva du som leiar skal gjere for å handtera konflikt og varsling, da er dette kurset for deg. Forarbeid
Det er forventa at du set av tid på førehand til å setje deg inn i Varslingsrutina og Rutine for handtering av konflikt, utilbørleg åtferd og trakassering . Noter gjerne spørsmål ved gjennomgang av rutinane.
Læringsutbytte
Å kunne handtere små og store konfliktar er viktig får å sikre eit godt arbeidsmiljø og ein god og profesjonell ramme for medarbeidarar og verksemda. Ofte er ikkje konflikten i seg sjølv problemet, men det at me unngår handling vert avgjerande for utfallet.
Kurset er ei kort innføring og vil gje deg betre forståing for årsaka og utviklinga av konflikten, korleis du som leiar skal sikre rett saksgang i ein konflikt eller varslingssak.
Innhald
- Gjenkjenne og identifisera ein konflikt
- Konflikten sin funksjon
- Ulike rollar
- Saksgang
- Verktøy
Kurset passar for
Leiare på alle nivå
Det er maks 30 plassar på kvar samling. Dette er for å gje betre rom for dialog og spørsmål.
Kurshaldarar
Solveig Reinsli Aud Grete Ekestad Trine Langøen
HR rådgjevar HR konsulent HMS rådgjevar
Du kan sjå rutinane og innhald i kurset i samanheng med verdiane i Voss herad og 10-faktor
Faktor 1: Oppgåvemotivasjon Faktor 2: Meistringstru Faktor 3: Sjølvstende Faktor 4: Bruk av kompetanse
Faktor 5: Meistringsorientert leiing Faktor 6: Rolleklårheit Faktor 7: Relevant kompetanseutvikling
Faktor 8: Fleksibilitetsvilje Faktor 9: Meistringsklima Faktor 10: Prososial motivasjon