Dette kurset er for nytilsette i Vinje kommune. Kurset er eit arrangement i regi av personalavdelinga og har fokus på informasjon, opplæring, bli kjend og rettar og plikter du har som tilsett i Vinje kommune.

Om dette kurset

Kurset vil gje deg ein innføring i korleis kommunen er organisert administrativt og politisk. Du vil møte rådmann, organisasjonssjef og tilsette i personalavdelinga. I tillegg vil du få møte andre nytilsette som er i same situasjon som deg sjølv.  

Me vil også orientere om kommunen sine personalpolitiske retningsliner, kvalitetsarbeidet, HMS, medarbeidarskap og andre ting som du kanskje lurar på.

Kurset vert på Kommunehuset, kommunestyresalen

Me gledar oss til å møte deg som nytilsett og bli kjend med deg som kollega.



Forutsetninger
Ingen spesielle
Produsert av
KS Læring
Tid fra - til
16.09.20 kl 09:00-15:00
Tidsbruk
6 timer
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
20 av 20
Påmeldingsfrist
19.10.2020
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger