Denne e-læringsmodulen er utvikla for deg som jobbar i sektor omsorg, helse og sosial i Kvinnherad kommune. Kurset gir deg grunnleggande kunnskap om korleis vi nyttar LEAN i forbetringsarbeidet vårt og korleis du kan delta i dette arbeidet.
Om kurset
Sektor omsorg, helse og sosial har fokus på læring og kontinuerleg forbetring. LEAN er valt som metodikk og verktøy i dette arbeidet, og vi ynskjer at flest mogeleg av våre tilsette skal kjenna til dei grunnleggjande prinsippa i LEAN.
Gjennom dette kurset vil du få kunnskap om LEAN som metode i arbeid med kvalitetsforbetring. Kurset omhandlar fyljande tema:
LEAN – kultur = ein forbetringskultur der alle tilsette er deltakande
God arbeidsflyt med LEAN
Bli kjent med LEAN verktøy som vi nyttar i organisasjonen
Last updated
04.03.2024
Course Type
eLearning
Available seats
Unlimited