Gratulerer med ny jobb og velkommen som tilsett i
Øygarden kommune!
Øygarden kommune ønskjer å ta godt imot deg som er nytilsett, slik at du kjem raskt inn i jobben og vil trivast med arbeidsoppgavene dine.
Du har ein verdifull kompetanse som kommunen ønskjer å nytte. Du har sikkert og forventningar til den nye jobben din, er opptatt av å lære og bli ein del av eit nytt arbeidsmiljø.
I dette kurset vil du få en innføring i ting som er viktig for deg å ha kjennskap til som nytilsett. Vi håper det vil hjelpe deg til raskare å bli kjent med din nye arbeidsplass og arbeidsgjevar.
For å avgrense omfanget er det ikkje alle temaene som vil bli omtalt i detalj. På intranettet vårt finn du mykje meir om det du treng å vite som tilsett i Øygarden kommune.
Lykke til!