Vinje kommune nyttar kvalitetssystemet Compilo. Kvalitetsarbeid er viktig for å sikre gode tenester og forbetre desse, lære av feil og oppdage uønska hendingar i organisasjonen. Compilo er eit elektronisk datasystem som alle tilsette i Vinje kommune har tilgang til. Her inne finn du rutinar for arbeidsoppgåver, permisjonsreglement, hms rutinar, interne skjema, avviksregistrering m.m
Om dette kurset
I dette kurset vil du lære meir om korleis du loggar deg inn i Compilo, kvifor me skal nytte systemet, korleis du finn interne rutinar og dokument, registrerar avvik og forslag til forbetring i arbeidet. Kurset er for alle tilsette i Vinje kommune og målet er at alle tilsette har kjennskap til kvalitetssystemet. Det er viktig at du blir med og deltek i forbetringsarbeidet og utviklinga av organisasjonen.