Påmeldingsmuligheter for dette kurset

Mål med kurset

Dette kurset skal alle nytilsette i Stryn kommune gjennomføre. Kurset gjev ei innføring i fleire viktige område du må kjenne til som tilsett i kommunen. Kurset inngår som ein del av opplæringa du skal gjennom for å vere rusta til arbeidskvardagen hos oss.

Innhaldet i kurset

HR-avdelinga i Stryn kommune har ansvaret for innhaldet.

Korleis kurset er oppbygd

Kurset er delt inn i ulike leksjonar/tema. Inndelinga ligg i ein meny til høgre, der du kan hoppe direkte til ønska tema, eller du kan klikke deg kronologisk framover ved å nytte pilene under kvart skjermbilde. Du skal gjennom alle tema før kurset er fullført. Nytt gjerne kurset som oppslagsverk i etterkant.

Som ei oppsummering på kurset vil det bli stilt nokre spørsmål som er meint som ein repetisjon på tilhøve du bør ha kontroll på som tilsett i Stryn kommune.

Kursbevis

For å få høve til å skrive ut kursbevis, må du ha fullført alle leksjonane og svart på spørsmåla. Når du har fullført kurset, kan du hente ut eit kursbevis ved å klikke på tilhøyrande lenke. Dette kursbeviset skal du vise til leiaren din.

Leiaren din vil ta ansvar for at du får den opplæringa du treng innan ulike fagsystem m.m. snarast råd. 




Egenpåmelding (Deltaker)