Dette kurset er for leiarar, verneombod, tillitsvalde og medlemmar i HSU og AMU i Ålesund kommune.
Dette e-læringskurset er ein del av Modul 0 i Kompetanseprogrammet for IA og sjukefråværsoppfølging. E-læringskurset er forberedande læring til dei resterende modulane i Kompetanseprogrammet. I denne modulen vil du lære om arbeidsmiljøfaktorer, IA-arbeid og trepartssamarbeid I Ålesund kommune.
Dette kurset er delt inn i to leksjonar. Til nokre av lysbilda er det videoar med lyd.
Gjennom Ålesund kommune sin kompetanseplan "Kompetanseprogram for Inkluderende Arbeidsliv (IA) - for leiarar, verneombod og tillitsvalde", kan du gjennomføre alle modulane i Kompetanseprogrammet.
Modul 1, 2 og 3 gjennomførast av NAV Arbeidslivssenter.
Når du har fullført alle aktivitetane i dette kurset, får du kursbevis, og kravet i Kompetanseportalen blir merka som fullført. Du kan laste opp kursbeviset ditt i Kompetanseportalen.